Semestre
JOA101 Journalistisk arbeidsteknikk for avis.
Opptak etter søknad blant studentar som tek bachelorutdanning i journalistikk.
Studentane får ei praktisk innføring i bruk av kamera, bildebehandling og elektronisk oppsett av avissider. Studentane får ei teoretisk innføring i emna Titlar og Vinkling, Lay-out og Nettjournalistikk. Studentane skal levere praktiske oppgåveløysingar i foto og gjennomføre praktiske øvingar i avisproduksjon. Studentane skal også følgje den obligatoriske innføringa i arbeidsteknikk for nettjournalistar før første praksisperiode.
Standardtekst
Studentane skal
• ha oversikt over og innsikt i dei ulike sider ved avisproduksjon og publisering på nett.
• ha kjennskap til avismediet og nettmediet sine eigenartar.
Studentane skal
• kunne bruke relevante teknikkar og utstyr i journalistisk formidling.
• kunne produsere ei enkel avis frå A til Å
-
Emnet blir gjennomført i løpet av eit semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar med tekst og bilder og vurdere sine eigne arbeid.Studentarbeid som blir produsert i løpet av kurset vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon.
Alle arbeidskrav skal være levert til dei fristar som er gjevne.
Arbeidskrava må vere godkjende før kandidaten får gå opp til eksamen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått |