Semestre

JOA101 Journalistisk arbeidsteknikk for avis og nett

Emnekode: 
JOA101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 
  • Evensen, Jon Petter og Anne Hege Simonsen (2010): SE!: lærebok i visuell journalistikk. IJ-forlaget, Kristiansand. (side 13 til 99, 130 til 147; 103 sider.)
  • Hareide, Gaute (2016): Setteriet, ei kortfatta teknisk innføring. Høgskulen i Volda. (17 sider.)
  • Weisser A. (2005): Bare et bilde? Fotojournalistikk for skrivende journalister. IJ-forlaget, Kristiansand. (side 9 til 124; 115 sider)
  • Indahl, Nils G (2007): Nettjournalisten. IJ-forlaget, Kristiansand. (kapittel 1, 2 og 4; 42 sider)
  • Elkjær, Jakob (2010): Sådan redder de journalistikken: Inspiration til undersøgende journalistikk på nettet. Forlaget Ajour, Århus. (kapittel 2 og 9; 34 sider)

I alt 311 sider

Tilrådd litteratur:

  • Nilsson, Stig (2003): Avis frå a til å. Samlaget, Oslo. (127 s.)
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Om emnet

Studentane får ei enkel praktisk innføring i:                             

  • bruk av manuelt kamera for stillbilder, 
  • bruk av Photoshop til bildebehandling for avis og nett,          
  • bruk av InDesign til oppsett av avissider,
  • bruk av nettverktøy for publisering.              

Studentane får ei teoretisk innføring i nettjournalistikk og i layout for avis og nett.
Studentane skal levere praktiske oppgåveløysingar i foto og gjennomføre praktiske øvingar i avis og på nett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

• ha oversikt over og innsikt i dei ulike sider ved avisproduksjon og publisering på nett.

• ha kjennskap til avismediet og nettmediet sine eigenartar.

Ferdigheiter

• kunne bruke manuelt kamera og ekstern blits til stillbilder og klargjere desse for publisering i avis og på nett.

• kunne planlegge, organisere, sette og sende til trykking ei enkel avis.

• kunne publisere tekst, bilder og video på nett.

Generell kompetanse

• kunne legge fram eigne idear til oppslag og argumentere for desse.

• kunne planlegge og gjennomføre innhenting, sortering og bearbeiding av informasjon fram til eit ferdig medieprodukt.

• kunne vurdere samspelet mellom ulike tekstlege og visuelle verkemiddel i oppsettet av eit medieprodukt.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet blir gjennomført i løpet av eit semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar med tekst og bilder og vurdere sine eigne arbeid.Studentarbeid som blir produsert i løpet av kurset vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Deltaking i undervising og produksjon er obligatorisk.
Alle arbeidskrav, inkludert stoff til øvingsavis og nettsider, skal være godkjende innan dei fristar som er gitt. 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
29
Emneansvarleg: 
Gaute Hareide
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
Stått eller ikkje stått
100