Semesters
JOA101 Journalistisk arbeidsteknikk for avis og nett
- Evensen, Jon Petter og Anne Hege Simonsen (2010): SE!: lærebok i visuell journalistikk. IJ-forlaget, Kristiansand. (side 13 til 99, 130 til 147; 103 sider.)
- Hareide, Gaute (2016): Setteriet, ei kortfatta teknisk innføring. Høgskulen i Volda. (17 sider.)
- Weisser A. (2005): Bare et bilde? Fotojournalistikk for skrivende journalister. IJ-forlaget, Kristiansand. (side 9 til 124; 115 sider)
- Indahl, Nils G (2007): Nettjournalisten. IJ-forlaget, Kristiansand. (kapittel 1, 2 og 4; 42 sider)
- Elkjær, Jakob (2010): Sådan redder de journalistikken: Inspiration til undersøgende journalistikk på nettet. Forlaget Ajour, Århus. (kapittel 2 og 9; 34 sider)
I alt 311 sider
Tilrådd litteratur:
- Nilsson, Stig (2003): Avis frå a til å. Samlaget, Oslo. (127 s.)
Studentane får ei enkel praktisk innføring i:
- bruk av manuelt kamera for stillbilder,
- bruk av Photoshop til bildebehandling for avis og nett,
- bruk av InDesign til oppsett av avissider,
- bruk av nettverktøy for publisering.
Studentane får ei teoretisk innføring i nettjournalistikk og i layout for avis og nett.
Studentane skal levere praktiske oppgåveløysingar i foto og gjennomføre praktiske øvingar i avis og på nett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
• ha oversikt over og innsikt i dei ulike sider ved avisproduksjon og publisering på nett.
• ha kjennskap til avismediet og nettmediet sine eigenartar.
• kunne bruke manuelt kamera og ekstern blits til stillbilder og klargjere desse for publisering i avis og på nett.
• kunne planlegge, organisere, sette og sende til trykking ei enkel avis.
• kunne publisere tekst, bilder og video på nett.
• kunne legge fram eigne idear til oppslag og argumentere for desse.
• kunne planlegge og gjennomføre innhenting, sortering og bearbeiding av informasjon fram til eit ferdig medieprodukt.
• kunne vurdere samspelet mellom ulike tekstlege og visuelle verkemiddel i oppsettet av eit medieprodukt.
Emnet blir gjennomført i løpet av eit semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar med tekst og bilder og vurdere sine eigne arbeid.Studentarbeid som blir produsert i løpet av kurset vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.
Deltaking i undervising og produksjon er obligatorisk.
Alle arbeidskrav, inkludert stoff til øvingsavis og nettsider, skal være godkjende innan dei fristar som er gitt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | Pass / fail | 100 |