Semestre

JOA102 Journalistikk 2 for avis.

Emnekode: 
JOA102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Opptak etter søknad. Må ha godkjent JOA101 og arbeidskrava knytta til JOU101.

Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten:

- har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon

- har  kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret

- har kunnskap om publisering på nett

- har kunnskap om avismediets eigenart

Ferdigheiter

Studenten:

- er i stand til å beherske nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre

- har tilegna seg formidlingsteknikk i avismediet kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet

- kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt

-  er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon

Generell kompetanse

Studenten:

- er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å lede og underordne seg leiing

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan. Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde to element:
A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.
B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden der studenten legg vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei.