Semestre

JOA102 Journalistikk 2 for avis

Emnekode: 
JOA102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
JOU101 Journalistikk 1
Krav til forkunnskapar

JOU101 treng ikkje vere fullført, men arbeidskrava må vere godkjent.

Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske løysingane og vilkåra for journalistisk produksjon
  • kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
  • kunnskap om publisering på nett
  • kunnskap om avismediets eigenart på nett og papir
Ferdigheiter

Studenten skal

  • vere i stand til å meistre nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
  • ha tileigna seg formidlingsteknikk på ulike plattformer og kunne gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
  • kunne lage eit samansett og variert journalistisk produkt
  • vere i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
Generell kompetanse

Studenten skal

  • vere i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • vere i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
  • vere i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • vere i stand til å leie og underordne seg leiing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt (1) semester. Studentane er organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.

Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsette i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Hild Nordal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde ein refleksjon rundt studentens arbeid med tre ulike saker frå praksisperioden.
1500 - 2000 ord.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20