Semestre

JOA102 Journalistikk 2 for avis

Emnekode: 
JOA102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Opptak etter søknad.Studiekull 2016 må ha godkjend JOU100 og arbeidskrava knytta til JOU101. Studiekull 2015 må ha godkjend JOA101 og arbeidskrava knytta til JOU101.

Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske løysingane og vilkåra for journalistisk produksjon
  • har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
  • har kunnskap om publisering på nett
  • har kunnskap om avismediets eigenart
Ferdigheiter
  • er i stand til å beherske nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
  • har tilegna seg formidlingsteknikk i avismediet kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
  • kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt
  • er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
Generell kompetanse
  • er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
  • er i stand til å leie og underordne seg leiing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan. Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Tormod Utne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde to element:
A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.
B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden der studenten legg vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei.