Semestre

JOA203 Journalistikk 3 for avis

Emnekode: 
JOA203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU101 Journalistikk 1
JOA102 Journalistikk 2 for avis
MEV121 Medievitskap 1 - Medium, ytringsfridom og offentlegheit
Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia, der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar
  • har innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde
  • har innsikt i ulike publiseringsplattformer
Ferdigheiter
  • kan levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutiner
  • kan utvikle rutiner for sjølvstendig overvåking av nyheitsbildet beherskar oppsøkande undersøkande metode
  • kan utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga
  • kan tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid (planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt)
  • er allsidig og beherskar views og news (kommentar- og reporterrollen)
  • kan planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt
  • kan analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur
Generell kompetanse
  • er i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emne som strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane vert organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Alt fråvær skal godkjennast av emneansvarleg.

Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Tormod Utne
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Digital eksamen. Metoderapporten skal vere knytt til ei (1) av sakene frå praksisperioden. Her skal studenten legge vekt på eigen idé-utvikling i saka. Vel studenten å besvare med eit skriftleg arbeid (essay) skal dette vere knytt til problemstillingar frå praksisperioden.
Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord.