Semestre
JOA203 Journalistikk 3 for avis
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia, der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde
- har innsikt i ulike publiseringsplattformer
- kan levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutiner
- kan utvikle rutiner for sjølvstendig overvåking av nyheitsbildet og meistrar undersøkande metode
- kan utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga
- kan tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid
- er allsidig og meistrar kommentar- og reporterrolla
- kan planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt
- kan analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur
- er i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar
Emne som strekkjer seg over eitt semester og er samansett av forelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane vert organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Alt fråver skal godkjennast av emneansvarleg.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Digital innlevering. Mappa skal innehalde ein metoderapport som skal vere knytt til ei av sakene frå praksisperioden der studenten legg vekt på eigen idé-utvikling i saka. Metoderapporten er eit akademisk arbeid og skal ha pensumreferansar. . | Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord. |