Semestre
JOA203 Journalistikk 3 for avis
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia, der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde
- innsikt i ulike publiseringsplattformer
Studenten skal
- kunne levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutiner
- kunne utvikle rutinar for sjølvstendig overvaking av nyheitsbildet og meistre undersøkande metode
- kunne utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga
- kunne tenke fleirmediale løysingar med tanke på journalistisk arbeid
- vere allsidig og meistre kommentar- og reporterrolla
- kunne planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt
- kunne analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur
Studenten skal
- vere i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar
Emne som strekkjer seg over eitt semester og er samansett av førelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane vert organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Alt fråver skal godkjennast av emneansvarleg.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Digital innlevering. Mappa skal innehalde ein metoderapport som skal vere knytt til ei av sakene frå praksisperioden der studenten legg vekt på eigen idé-utvikling i saka. Metoderapporten er eit akademisk arbeid og skal ha pensumreferansar. . | Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord. |