Semestre
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn.
Opptak etter søknad. Må ha godkjend JOF101 og arbeidskrava knytta til JOU101.
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.
-
Studenten:
- har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon
- har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
- har kunnskap om publisering på nett kunnskap om fjernsynsmediets eigenart
Studenten:
- er i stand til å beherske nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
- har tileigna seg formidlingsteknikk i fjernsynsmediet kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
- kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt
- er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
Studenten:
- er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å lede og underordne seg leiing
Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskravene blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | 100 | I kommentaren til tre ulike saker frå praksisperioden skal studenten legge vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei. | Mappa skal innehalde to element: A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden. |