Semestre
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn
Opptak etter søknad.Studiekull 2016 må ha godkjend JOU100 og arbeidskrava knytta til JOU101. Studiekull 2015 må ha godkjend JOF101 og arbeidskrava knytta til JOU101.
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om det tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon
- har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
- har kunnskap om eigenarten til fjernsynsmediet og kunnskap om publisering på nett
- er i stand til å meistre nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
- har tileigna seg formidlingsteknikk i fjernsynsmediet, kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
- kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt
- er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
- er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- er i stand til å leie og underordne seg leiing
Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.
Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskrava vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | 100 |
A: Ein logg over det arbeidet studenten har gjort i praksisperioden.
B: Ein kommentar til tre ulike saker frå praksisperioden. Her skal studenten legge vekt på korleis han/ho har vore med på å utvikle dei.