Semestre
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn
JOU101 treng ikkje vere fullført, men arbeidskrava må vere godkjent.
Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om det tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon
- ha kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret
- ha kunnskap om eigenarten til fjernsynsmediet og kunnskap om publisering på nett
Studenten skal
- vere i stand til å meistre nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk produksjon, og til å samarbeide med andre
- ha tileigna seg formidlingsteknikk i fjernsynsmediet, kunne gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet
- kunne lage eit samansett og variert journalistisk produkt
- vere i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon
Studenten skal
- vere i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- vere i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid
- vere i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid
- vere i stand til å leie og underordne seg leiing
Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt (1) semester. Studentane er organiserte i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.
Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | 100 | Mappa skal innehalde ein refleksjon rundt studentens arbeid med tre ulike saker frå praksisperioden. | 1500-2000 ord. |