Semestre

JOT111 Praksis i TV

Emnekode: 
JOT111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10. 
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.

Om emnet

Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden, saman med to veker praksisførebuande undervisning. Teoretisk kunnskap skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheiter og aktualitetar for TV. Studentane får også erfaring med å lage nettversjonar av sakene sine. Språk, forteljeteknikk og saksoppbygging er viktige tema. Studentane skal også meistre dei tekniske produksjonsverktøya som er i bruk i internpraksisen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • forklare fjernsynsmediet sin eigenart og omgrep brukt i TV-produksjon
  • gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • produsere og publisere nyheitssaker for TV 
  • gå inn i ulike journalistiske roller i ein TV-redaksjon
  • bruke enkle modellar for fortelljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriteria
  • omarbeide TV-saker til nettsaker
     
Generell kompetanse

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon   
  • samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø  
  • evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  1. Produksjonar i internpraks
  2. Praksislogg
  3. Evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.

Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • antall
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
32
Emneansvarleg: 
Steinar Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
-
Stått eller ikkje stått
100
Innlevering av ei nyheitssak for TV, med metoderapport basert på pensum.
Metoderapport 1800-2200 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit