Semesters

JOT111 Praksis i TV

Course code: 
JOT111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10. 

Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.

I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.

Course content

Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden. Teoretisk kunnskap skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheiter og aktualitetar for TV. Studentane får også erfaring med å lage nettversjonar av sakene sine. Språkbruk, forteljarteknikk og saksoppbygging er viktige tema. Studentane skal også meistre dei tekniske produksjonsverktøya som er i bruk i internpraksisen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • kan forklare fjernsynsmediet sin eigenart og omgrep brukt i TV-produksjon
  • kan forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for TV
  • kan forklare nyheitsformidling på TV
  • kan forklare bruken av teknisk utstyr i studio
  • kan forklare teknisk utstyr for å filme, redigere og sende direkte utanfrå studio  
  • kan forklare redigering og publisering av tv-saker for nett
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan gjere opptak, redigere og publisere nyheitssaker for TV 
  • kan gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
  • kan gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi 
  • kan bruke enkle modellar for fortelljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriteria
  • kan redigere og publisere tv-saker for nett
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon   
  • kan samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø  
  • kan evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar 
Working and learning activities

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.

Assessment requirements

Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • praksislogg
  • evaluering av emnet

 

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • omfang
  • frist
Evaluation system
Maximum number of students: 
32
Person in charge: 
Sandra Lappegard Wangberg
Used in other programs
  • Journalism - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
-
Pass / fail
100
Innlevering av ei nyheitssak for tv. Skrive ein metoderapport om saka på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur.
1800-2200 ord.
Approval signature: 
Kate Kartveit