Semestre
JOT111 Praksis i TV
Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.
Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for TV. Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyhendesaker og -sendingar for TV og nett. Studentane får også erfaring med å produsere skriftlege jornalistiske saker for nett.
Studentane skal lære grunnleggande språkbruk, forteljeteknikk og saksoppbygging for TV. Emnet startar med teknisk innføring i redigering, opptak, studio og andre delar av det tekniske arbeidet med TV.
Hovuddelen av emnet er ein seks veker lang intern praksisperiode.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
kunne forklare fjernsynsmediet sin eigenart og omgrep brukt i TV-produksjon
kunne forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for TV
kunne forklare nyheitsformidling på TV
kunne forklare bruken av teknisk utstyr i studio
kunne forklare teknisk utstyr for å filme, redigere og sende direkte utanfrå studio
kunne forklare redigering og publisering av tv-saker til nett
Studenten skal kunne
gjere opptak, redigere og publisere nyheitssaker for TV
gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
bruke enkle modellar for fortelljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriteria
produsere ei bulletinsending: skrive meldingar, gjere opptak til saker, lage køyreplan og avvikle sendinga til oppsett tid
redigere og publisere tv-saker for nett
Studenten skal kunne
arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Innføringskurs, praksisførebuande undervisning og praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
gjennomført godtkjent reportasje under innføringskurset
levert godkjent logg over eige arbeid gjennom praksisperioden
deltaking i evaluering av emnet
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | Stått eller ikkje stått | 100 | Innlevering av ei nyheitssak for tv. Skrive ein metoderapport om saka på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur. | 1800-2200 ord. |