Semestre

JOT111 Praksis i TV

Emnekode: 
JOT111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
Krav til forkunnskapar

Det avgrensa tal plassar på dette emnet. Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket som vert gjennomført i november. Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til studiet vere avgjerande for rangeringa.

Om emnet

Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for TV. Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyhendesaker og -sendingar for TV og nett. Studentane får også erfaring med å produsere skriftlege jornalistiske saker for nett.

Studentane skal lære grunnleggande språkbruk, forteljeteknikk og saksoppbygging for TV. Emnet startar med teknisk innføring i redigering, opptak, studio og andre delar av det tekniske arbeidet med TV. 

Hovuddelen av emnet er ein seks veker lang intern praksisperiode.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal  

  •  kunne forklare fjernsynsmediet sin eigenart og omgrep brukt i TV-produksjon

  •  kunne forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for TV

  •  kunne forklare nyheitsformidling på TV

  •  kunne forklare bruken av teknisk utstyr i studio

  •  kunne forklare teknisk utstyr for å filme, redigere og sende direkte utanfrå studio  

  •  kunne forklare redigering og publisering av tv-saker til nett

Ferdigheiter

Studenten skal kunne  

  • gjere opptak, redigere og publisere nyheitssaker for TV 

  • gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon

  • gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi 

  • bruke enkle modellar for fortelljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriteria

  • produsere ei bulletinsending: skrive meldingar, gjere opptak til saker, lage køyreplan og avvikle sendinga til oppsett tid 

  • redigere og publisere tv-saker for nett

Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon   

  • samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø  

  • evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innføringskurs, praksisførebuande undervisning og praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • deltaking på teknisk innføringskurs
  • deltaking på praksisførebuande undervisning
  • deltaking i praksisperioden

Arbeidskrav:

  • gjennomført teknisk innføringskurs

  • gjennomført praksisførebuande undervising  

  • gjennomført praksisperiode med dagleg deltaking i det redaksjonelle arbeidet

  • lage og gjennomføre godtkjent sending på 10 minutt under innføringskurset

  • føre logg over eige arbeid dagleg gjennom heile praksisperioden   

  • deltaking på evaluering av emnet 

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Steinar Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
-
Stått eller ikkje stått
100
Innlevering av ei nyheitssak for tv. Skrive ein metoderapport om saka på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur.
1800-2200 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit