Semestre

JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk

Emnekode: 
JOU100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studentane må disponere eigen smarttelefon

Om emnet

Studentane får undervisning i bruk av smarttelefon til opptak, redigering og formidling av lyd, video og stillbilete på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver får studentane øving i journalistisk formidling med enkle hjelpemiddel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha innsikt i produksjon av digital journalistikk ved bruk av smarttelefon

  • ha grunnleggande kunnskap om visuell kommunikasjon

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne bruke smarttelefon med intern og ekstern mikrofon til opptak av lyd

  • kunne gjere opptak av video og redigere video i telefonen

  • kunne forutsjå og fange inn eit situasjonsbilete, arrangere og ta eit gruppebilde og eit formelt portrett; og redigere desse i telefonen

  • kunne publisere lyd, video og stillbilete på nett

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne bruke smarttelefon som verktøy i medieproduksjon

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vil strekkje seg over eitt (1) semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar, workshops og gruppearbeid. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere eigne arbeid gruppevis og/eller i plenum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Alle arbeidskrav i emnet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava kan vere integrert i eller del av arbeidskrav i andre emne. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Sensorordning
Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Gaute Hareide
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20