Semesters
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Studentane må disponere eigen smarttelefon
Studentane får undervisning i bruk av smarttelefon til opptak, redigering og formidling av lyd, video og stillbilete på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver får studentane øving i journalistisk formidling med enkle hjelpemiddel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
ha innsikt i produksjon av digital journalistikk ved bruk av smarttelefon
ha grunnleggande kunnskap om visuell kommunikasjon
Studenten skal
kunne bruke smarttelefon med intern og ekstern mikrofon til opptak av lyd
kunne gjere opptak av video og redigere video i telefonen
kunne forutsjå og fange inn eit situasjonsbilete, arrangere og ta eit gruppebilde og eit formelt portrett; og redigere desse i telefonen
kunne publisere lyd, video og stillbilete på nett
Studenten skal
- kunne bruke smarttelefon som verktøy i medieproduksjon
Emnet vil strekkje seg over eitt (1) semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar, workshops og gruppearbeid. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere eigne arbeid gruppevis og/eller i plenum.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Alle arbeidskrav i emnet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava kan vere integrert i eller del av arbeidskrav i andre emne. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | Pass / fail |