Semestre
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Studentane må disponere eigen smarttelefon
Studentane får ei grunnleggande innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling. Studentane skal lære intervjuteknikk og å bruke enkelt utstyr til produksjon av lyd, bilde, grafikk og tekst til journalistikk på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver lærer studentane grunnleggjande teknikk innan radio, fjernsyn, foto og nettjournalistikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Ha oversikt og innsikt i tekniske arbeidsreiskapar i produksjon av nettjournalistikk.
- Ha kjennskap til dei ulike media sin eigenart.
- Kunne bruke relevante teknikkar og utstyr i journalistisk formidling.
- Kunne produsere ei enkel nettsak med lyd, bilde eller video.
.
Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar og gruppearbeid. Studentane skal mellom anna gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid. Studentane skal følgje den obligatoriske innføringa i arbeidsteknikk innan radio, fjernsyn, foto og nettjournalistikk som vert organisert dels som individuelt arbeid og dels som gruppearbeid.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Studentane må levere fire arbeidskrav i emnet, eitt arbeidskrav innan kvar av desse; radio, video, stillbilde og nettsak. Alle arbeidskrav skal være levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått |