Semestre

JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk

Emnekode: 
JOU100
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Kompendium

Krav til forkunnskapar

Studentane må disponere eigen smarttelefon

Om emnet

Studentane får undervisning i bruk av smarttelefon til opptak, redigering og formidling av lyd, video og stillbilder på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver får studentane  øving i journalistisk formidling med enkle hjelpemiddel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Kjennskap til dei ulike media sin eigenart.

  • Innsikt i produksjon av nettjournalistikk ved bruk av smarttelefon.

  • Grunnleggande kunnskap om visuell kommunikasjon.
Ferdigheiter
  • Kunne bruke smartelefon med intern og ekstern mikrofon til opptak av lyd.

  • Kunne gjere opptak av video og redigere video i telefonen.

  • Kunne forutsjå og fange inn eit situasjonsbilde, arrangere og ta eit gruppebilde og eit formelt portrett; og redigere desse i telefonen.

  • Kunne publisere lyd, video og stillbilder på nett.

  • Kunne arkivere lyd, video og stillbilder med naudsynte metadata i ein database.
Generell kompetanse
  • Kunne bruke smartelefon som verktøy i medieproduksjon.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar, workshops og gruppearbeid. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere eigne arbeid gruppevis og/eller i plenum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Alle arbeidskrav i emnet skal være levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava kan vere integrert i eller del av arbeidskrav i andre emne. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Gaute Hareide
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått