Semestre

JOU101 Journalistikk 1

Emnekode: 
JOU101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståelse, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk og offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har kjennskap til journalistiske metoder som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder
  • har kunnskap om det presseetiske regelverket, og har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
  • har kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren
  • har innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering
  • har kjennskap til journalistrollen og det journalistiske oppdraget
  • har kjennskap til kjeldearbeid
Ferdigheiter
  • kan produsere nyheitssaker og beherskar grunnleggande intervjuteknikk
  • kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
  • kan bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale
  • beherskar nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)
Generell kompetanse

- har grunnleggande forståing av journalistrollen og av pressens samfunnsansvar og arbeidsmåtar

- kan forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side. Det blir gitt fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Frammøte og deltaking på oppgåvegjennomgang i grupper er obligatorisk, og deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Svein Brurås
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Ingen