Semestre

JOU101 Journalistikk 1

Emnekode: 
JOU101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståing, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk og offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • kjennskap til journalistiske metodar som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder
  • kunnskap om det presseetiske regelverket, og har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
  • kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren
  • innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering
  • kjennskap til journalistrolla og det journalistiske oppdraget
  • kjennskap til kjeldearbeid
Ferdigheiter
  • kan produsere nyheitssaker og meistrar grunnleggande intervjuteknikk
  • kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
  • kan bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale
  • meistrar nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)
Generell kompetanse

- har grunnleggande forståing av journalistrolla og av pressa sitt samfunnsansvar og arbeidsmåtar

- kan forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og er samansett av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side. Det blir gitt fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Frammøte og deltaking på oppgåvegjennomgang i grupper er obligatorisk, og deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. 

Sensorordning
Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Ingen