Semestre

JOU101 Journalistikk 1

Emnekode: 
JOU101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er å gi ei grunnleggande innføring i journalistisk metode, nyheitsforståelse, kjeldekunnskap og presseetikk. Viktige element i emnet er journalistisk metode, presseetikk, offentlegprinsippet. Det vert også lagt vekt på språk og formidlingsteknikk.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten:

- har kjennskap til journalistiske metoder som intervju, observasjon og bruk av skriftlege kjelder

- har kunnskap om det presseetiske regelverket har grunnleggande kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn

- har kjennskap til nyheits- og reportasjesjangeren

- har innsikt i journalistisk stoff- og nyheitsvurdering

- har kjennskap til journalistrollen og det journalistiske oppdraget

- har kjennskap til kjeldearbeid

Ferdigheiter

Studenten:

- kan produsere nyheitssaker beherskar grunnleggande intervjuteknikk

- kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder

- kan bruke offentleglova til å finne og bruke journalistisk kjeldemateriale

- beherskar nyheitsformidling og – språk på eit grunnleggande nivå (nyheitsproduksjon)

Generell kompetanse

Studenten:

- har grunnleggande forståing av journalistrollen og av pressens samfunnsansvar og arbeidsmåtar

- kan forhalde seg til undervising på høgskulenivå og ta ansvar for eiga læring

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det blir lagt vekt på deltaking frå studentane si side og det er fleire obligatoriske oppgåver, både i gruppe og individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere 5 obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal være levert til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Deltaking på skriveverkstad er obligatorisk. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
I refleksjonsnotatet skal ein urdere eit praktisk journalistisk arbeid i lys av pensum.
To av dei fem obligatoriske oppgåvene skal leverast i mappa. I tillegg skal det leverast eit refleksjonsnotat.

Ei veke før eksamen får kandidaten melding om kva oppgåver som skal leverast. Det er høve til å levere ein bearbeidd versjon av det opphavelege oppgåvesvaret.