Semestre

JOU204 Journalistikk 4

Emnekode: 
JOU204
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
MEV121 Medievitskap 1 - Medium, ytringsfridom og offentlegheit
MEV122 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
Om emnet

Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å ha ei sjølvstendig og analytisk tilnærming til journalistrollen og til journalistisk teori og metode. Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har sjølvstendig og kritisk innsikt i nyheitsinstitusjonen og journalistrollen
  • har sjølvstendig og kritisk innsikt i journalistisk metode som intervju, observasjon og skriftlege kjelder
  • har sjølvstendig og kritisk innsikt i det etiske og juridiske regelverket
  • har sjølvstendig og kritisk innsikt i offentleglova og reglar for innsyn har sjølvstendig og kritisk innsikt i nyhende-, kommentar- og reportasjesjangeren
  • har sjølvstendig og kritisk innsikt i kjeldearbeid og kjeldekritikk
  • har sjølvstendig og kritisk forståing av journalistikkens samfunnsoppdrag
  • har sjølvstendig forståing av journalistisk kvalitet
  • har kunnskap om kommersialisering, eigarstruktur og medieøkonomi
Ferdigheiter
  • kan analysere og reflektere over journalistrolla og kvalitet i eige arbeid
  • kan analysere eige og andre sitt journalistiske arbeid og setje det i eigen kontekst
  • kan gjere sjølvstendig etiske vurderingar rundt innsamlingsfasen og publiseringsfasen
Generell kompetanse
  • kan sjå seg sjølv og sin eigen yrkesutøving i ulike kontekster
  • har ei god forståing av yrkesetiske forpliktelsar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over to semester og består av forelesingar, seminar og workshops.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking på praksisførebuande kurs. Krav til deltaking vert kunngjort i starten av semesteret.

Sensorordning

 Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Jan Ytrehorn
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.
Eksamen har eit omfang på 3000 - 5000 ord.