Semestre

JOU204 Journalistikk 4

Emnekode: 
JOU204
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
MEV121 Medievitskap 1 - Medium, ytringsfridom og offentlegheit
MEV122 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
Om emnet

Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å ha ei sjølvstendig og analytisk tilnærming til journalistrolla og til journalistisk teori og metode. Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i nyheitsinstitusjonen og journalistrolla
  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i journalistisk metode som intervju, observasjon og skriftlege kjelder
  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i det etiske og juridiske regelverket
  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i offentleglova og reglar for innsyn
  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i nyhende-, kommentar- og reportasjesjangeren
  • ha sjølvstendig og kritisk innsikt i kjeldearbeid og kjeldekritikk
  • ha sjølvstendig og kritisk forståing av journalistikkens samfunnsoppdrag
  • ha sjølvstendig forståing av journalistisk kvalitet
  • ha kunnskap om kommersialisering, eigarstruktur og medieøkonomi
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne analysere og reflektere over journalistrolla og kvalitet i eige arbeid
  • kunne analysere eige og andre sitt journalistiske arbeid og setje det i eigen kontekst
  • kunne gjere sjølvstendig etiske vurderingar rundt innsamlingsfasen og publiseringsfasen
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne sjå seg sjølv og sin eigen yrkesutøving i ulike kontekster
  • ha ei god forståing av yrkesetiske forpliktelsar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over to semester og består av førelesingar, seminar og workshops.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking på praksisførebuande kurs. Krav til deltaking vert kunngjort i starten av semesteret.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Kjetil Vaage Øie
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.
Eksamen har eit omfang på 3000 - 5000 ord.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20