Semestre
JOU204 Journalistikk 4
Emnekode:
JOU204
Varighet:
2 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester:
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester:
2022 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
MEV121 Medievitskap 1 - Medium, ytringsfridom og offentlegheit
MEV122 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
Om emnet
Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å ha ei sjølvstendig og analytisk tilnærming til journalistrolla og til journalistisk teori og metode. Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten skal
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i nyheitsinstitusjonen og journalistrolla
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i journalistisk metode som intervju, observasjon og skriftlege kjelder
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i det etiske og juridiske regelverket
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i offentleglova og reglar for innsyn
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i nyhende-, kommentar- og reportasjesjangeren
- ha sjølvstendig og kritisk innsikt i kjeldearbeid og kjeldekritikk
- ha sjølvstendig og kritisk forståing av journalistikkens samfunnsoppdrag
- ha sjølvstendig forståing av journalistisk kvalitet
- ha kunnskap om kommersialisering, eigarstruktur og medieøkonomi
Ferdigheiter
Studenten skal
- kunne analysere og reflektere over journalistrolla og kvalitet i eige arbeid
- kunne analysere eige og andre sitt journalistiske arbeid og setje det i eigen kontekst
- kunne gjere sjølvstendig etiske vurderingar rundt innsamlingsfasen og publiseringsfasen
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne sjå seg sjølv og sin eigen yrkesutøving i ulike kontekster
- ha ei god forståing av yrkesetiske forpliktelsar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Emnet strekkjer seg over to semester og består av førelesingar, seminar og workshops.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Det er obligatorisk deltaking på praksisførebuande kurs. Krav til deltaking vert kunngjort i starten av semesteret.
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
70
Emneansvarleg:
Hans Martin Dypvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Emnet byggjer på kunnskap frå dei tidlegare emna. Det er forutsett at denne kunnskapen kan nyttast i eksamenssamanheng. | Eksamen har eit omfang på 3000 - 5000 ord. |
Godkjent av:
Kate Kartveit