Semesters
JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar
I dette emnet går ein djupare inn i publiseringsreglane i pressejussen og presseetikken. Studentane har tileigna seg grunnleggande kunnskapar gjennom emna JOU111, SAJ101, MEV121 og JOU112. Sentrale omgrep i emnet er ytringsfridom, personvern og opphavsrett. Ein tar vidare føre seg reglar for bruk av kjelder frå sosiale medium og kjelder som har teieplikt, og det vil bli gitt ei innføring i kven som kan haldast ansvarleg for brot på reglane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om
forskjellen mellom pressejuss og presseetikk
juridiske reglar for publisering
publisering av materiale henta frå sosiale medier
Studenten skal ha brei kunnskap om
Vær Varsam-plakaten
presseetikk
Studenten skal kunne vurdere
publiseringsrett, både presseetisk og juridisk.
bruk av materiale opp mot åndsverklova (opphavsretten)
avveginga mellom ytringsfridom og personvern (til dømes privatlivets fred, ærekrenking, retten til eige bilde)
journalistiske saker opp mot Vær Varsam-plakaten
bruk av materiale frå sosiale medier opp mot publiseringsreglane
Studenten skal kunne
reflektere godt rundt dei juridiske publiseringsreglane
reflektere godt rundt journalistisk arbeid med kjelder med teieplikt
forelesingar, både digitale og klasseromundervising
workshop/gruppearbeid der studentane får jobbe med case
PFU/etikkseminar
barnevernseminar
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
levere skriftleg case-oppgåve
deltaking i evaluering av emnet
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |