Semestre
KOH134 Funksjonell design
Ingen
Funksjonell design er eit obligatorisk emne i studieprogram Bachelor, kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid med form og funksjon i materialområda tre, tekstil og leire. Dokumentasjon av arbeidsprosessane skjer gjennom visuell presentasjon og teoretisk refleksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
-har kunnskap om korleis ein kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar
- har kunnskap om ulike materiale, handverksteknikkar, verktøy og maskiner
- har kunnskap om form og funksjonsanalyse knytt til eige arbeid og har kunnskap om kunst- og handverkstradisjonar med kulturelle referansar
Studenten:
- har ferdigheiter i korleis ein kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar
- har ferdigheiter i å arbeide med ulike materiale og handverksteknikkar
- kan bruke og stelle verktøy og maskiner, alt ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
- kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar, mellom anna den samiske
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstadar
Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Emnet er organisert i materialområda tre, tekstil og leire. Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk verkstadarbeid, samt fagteori. Det blir gitt uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene og framleggingssituasjonar.
Anna som vedkjem emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at studentane kan få innsyn i kvarandre sine læreprosessar. Det er eit krav at lærar skal sjå studenten i arbeid med oppgåvene slik at eigeninnsats kan stadfestast. Dersom tvil om dette, kan studenten kallast inn til samtale. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Materialavgift: Studentane betaler ei materialavgift på kr. 1100,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |