Semestre
KOH134 Funksjonell design
Ingen
Funksjonell design er eit obligatorisk emne i studieprogram Bachelor i Kunst og handverk. Sentralt i emnet står skapande arbeid med form og funksjon i materialområda tre og leire. .
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ideutvikling og kreative prosessar
- har kunnskap om ulike materiale, handverksteknikkar, verkty og maskiner knytt til materialområda
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
- har kunnskap om kunst- og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen i materialområda
Studenten:
- kan planleggje, formgi og gjennomføre idèar
- kan arbeide med ulike materiale og handverksteknikkar
- kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner, alt ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
- kan gjere greie for ulike produkt sine kulturelle referansar, mellom anna den samiske
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Emnet er organisert i materialområda tre, tekstil og leire. Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk verkstadarbeid, samt fagteori. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Anna som vedkjem emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at lærar og medstudentar få innsyn i arbeidsprosessane. Studentar som er borte frå undervisinga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Arbeidskrav: Godkjende oppgåver frå dei tre materialområda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Materialavgift: Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | To praktiske oppgåver med prosessdokumentasjon. |