Semestre
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Ingen
Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Emnet kan delast i to faglege kategoriar, (I) fagdidaktikk og (II) kunst- og formkultur. Fagdidaktikken fokuserer kring kunst- og handverksfaget sitt teoretiske grunnlag. Dette rører ved teori om kreative- og estetiske læringsprosessar, men også om faghistorie og fagterminologi. Delen som har namnet Kunst- og formkultur har ein historisk overbygnad, og er meint å skape eit breitt referansegrunnlag til bruk for studentane i eigne utøvande arbeidsprosessar. Eldre kunsthistorie, men mest nyare formkultur, er innhald i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
- har kjennskap til aktuelt innhald og arbeidsmåtar i faget kunst- og handverk
- har kunnskap om sentrale trekk ved kunst- og formkulturen
- har kunnskap om visuell analyse
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læringsprosessar
- har kjennskap til kunstformidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
- har kunnskap om den akademiske skriveforma.
Studenten:
- kan reflektere kring kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og formidle verdien av faget i eit framtidsperspektiv
- kan presentere sentrale trekk ved kunst- og formkultur, nasjonalt og internasjonalt, på ein overtydande måte
- har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar, og kunne sjå samanhengar mellom ulike stilperiodar og uttrykksformer
- kan bruke teori om estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
- kan uttrykke og drøfte faglege problemstillingar gjennom ei akademisk skriveform.
Studenten:
- har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
- har innsikt i og forståing for kunst- og formkultur
- har innsikt i faget sin tverrfaglege relevans.
Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar, framleggingssituasjonar og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga er organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentane får individuell rettleiing på arbeidskrav og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Vodla, § 6-6.
Arbeidskrav: Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord. |