Semestre
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Ingen
Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor Kunst og handverk. Fagdidaktikken handlar om å gje studenten kunnskapar om faget Kunst og handverk sin plass og rolle i skole og samfunn. Gjennom teoretiske forelesingar og praktiske døme skal studenten tileigne seg kunnskap om kunst og formkultur. Emnet vil ta for seg sentrale kunsthistoriske tidsepokar, og gje studentane erfaring med korleis ein kan hente inspirasjon til eige skapande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
- har kunnskap om sentrale trekk ved kunst- og formkulturen
- har kunnskap om barn si læring og utviking i arbeid med to- og tredimensjonal form
- har kunnskap om visuell analyse
- har kunnskap om estetiske læringsprosessar
- har kunnskap om kreative prosessar
- har kunnskap om formidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
Studenten:
- kan reflektere rundt kunst- og handverksfaget si historiske utvikling og verdien den har for faget i dag
- kan presentere, formidle og reflektere rundt sentrale trekk ved kunst- og formkulturen
- har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar
- kan bruke teori kring estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
Studenten:
- har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
- har evne til å grunngje eige og andre sitt praktiske arbeid ut frå ein fagleg ståstad
- har innsikt i og forståing for kunst- og formkultur og faget sin tverrfaglige relevans
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Leverast i Fronter. | Oppgåva skal vere på omlag 2000 ord. |