Semestre
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Ingen
Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Emne kan delast i to faglege kategoriar, (i) fagdidaktikk og (ii) kunst- og formkultur. Fagdidaktikken her fokuserer Kunst- og handverksfaget sitt teoretiske grunnlag. Dette rører ved teori om kreative- og estetiske læringsprosessar, men også om faghistorie og fagterminologi. Delen som har namnet Kunst- og formkultur har ein historisk overbygnad, og er meint å skape eit breitt referansegrunnlag til bruk for studentane i eigne utøvande arbeidsprosessar. Både eldre kunst- og designhistorie, men mest samtidskunst og nyare formkultur, er innhald i emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
- har kunnskap om aktuelt innhald og arbeidsmåtar i faget kunst- og handverk
- har kunnskap om sentrale trekk ved kunst- og formkulturen
- har kunnskap om visuell analyse
- har kunnskap om kreativitet og estetiske læringsprosessar
- har kunnskap om kunstformidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
- har kunnskap om den akademiske skriveforma
Studenten:
- kan reflektere kring kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og formidle verdien av faget i eit framtidsperspektiv
- kan presentere sentrale trekk ved kunst- og formkultur, nasjonalt og internasjonalt, på ein overtydande måte
- har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar, og kunne sjå samanhengar mellom ulike stilperiodar og uttrykksformer
- kan bruke teori om estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
- kan uttrykke og drøfte faglege problemstillingar gjennom ei akademisk skriveform
Studenten:
- har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
- har evne til å grunngje eige og andre sitt praktiske arbeid ut frå ein fagleg ståstad
- har innsikt i og forståing for kunst- og formkultur
- har innsikt i faget sin tverrfaglige relevans
Arbeids- og undervisningsformene i emne er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar, framleggingssituasjonar og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga er organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene (arbeidskrav) og i framleggingssituasjonar. Studentar gjer også undervegsvurdering av kvarandre sitt arbeid. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord. Oppgåva skal leggast fram munnleg, gruppevis.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåva skal vere på omlag 2000 ord. |