Semesters

MAT140-AVG Digitale verktøy i matematikkundervisninga

Course code: 
MAT140-AVG
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag  og i framtida. Emnet vil innehalde tre om lag like store delar:

  • GeoGebra. Innføring i dataprogrammet GeoGebra og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
  • Rekneark. Innføring i rekneark og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
  • Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar.  Her kan bruk av koding i matematikk, formeleditorar og omvendt undervising også vere relevant.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av IKT i matematikkundervisninga som fremjar læring
  • har undervisningskunnskap om, og i, bruk av GeoGebra og rekneark  i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
Learning outcome skills

Studenten

  • kan anvende spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
  • kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisinga
  • kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av  digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk
Working and learning activities

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar med mellom anna undervisingsvideoar i HVO si læringsplattform og live videoundervising via nett. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til samlingane i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.

Arbeidskrav:

  • 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, kvar oppgåve vil vere knytt til kvar sin del av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåve vil inngå i eksamensmappa.
  • Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit lite arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Odd Helge Mjellem Tonheim
Costs

Kr. 4.000,-

Used in other programs
  • Programming and digital tools in mathematics education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
2 Semester
Pass / fail
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksta på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei.

Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.