Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet
Ingen.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnader. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
- omfattande kunnskap om korleis makt, avmakt og motmakt kan gjere seg gjeldande i samhandling mellom profesjonelle, brukarar og pårørande
Studenten skal kunne
- gjere grundige analysar av samhandlingsrelasjonar og styrke og vidareutvikle dei, slik at meistring og myndiggjering kan realiserast i samarbeid med brukar og andre sentrale aktørar
- nytte kommunikasjonsformer som i høg grad anerkjenner og fremjer brukarens eigen kompetanse
- gjere inngående etiske analysar av etablerte praksisar og bidra til å vidareutvikle meistringsorienterte praksisar
Studenten skal kunne
- utøve fagleg skjønn av høg kvalitet ved bruk av teori, eigne profesjonelle erfaringar og brukarkompetanse i samhandling med brukarar, pårørande og andre profesjonelle.
- bruke kommunikasjonsformer som fremjer læring, meistring og myndiggjering
- identifisere og endre samhandling som hemmer myndiggjering gjennom etisk refleksjon og god dømekraft
Innhaldet i dette emnet er organisert i fire hovudtema:
Tema 1 – Læring og meistring:
Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, og kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.
Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:
Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.
Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:
Brukarerfaring i helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar.
Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma:
Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi.
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg her.
Undervisninga er ein kombinasjon av fysiske og digitale forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Undervisninga føreset høg grad av studentaktivitet. Dei digitale opplegga vert strøyma i sanntid til heile studentgruppa. Høgskulen gjer ikkje opptak av strøyminga. Læringsutbytte i dette emnet omfattar å øve opp ferdigheiter i å analysera samanhengar mellom helse- og sosiale problem og strukturelle vilkår. For å realisere denne delen av læringsutbyttet i emnet skal deltaking via zoom skje med fullt namn, og kamera og lyd slått på. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt.Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane kommentarar frå medstudentar.
Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 prosent av tida på samlingane).
Inntil tre arbeidskrav.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5-11.
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva. | Alle. | Omlag 4000 ord (+/-10%). |
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Alle hjelpemiddel tillatt |