Semestre

MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet

Emnekode: 
MEI301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnad. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å analysere samhandlingsrelasjonar og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast i samarbeid med brukar og andre sentrale aktørar 
Generell kompetanse

Studenten skal ha generell kompetanse

  • i å utøve godt skjønn ved bruk av teori, eigne profesjonelle erfaringar og brukarkompetanse i samhandling med brukarar, pårørande og andre profesjonelle.
  • i kommunikasjonsformer som fremjer læring, meistring og myndiggjering
  • i å kunne identifisere og endre samhandling som hemmer myndiggjering gjennom etisk refleksjon
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innhaldet i dette emnet er organisert i fire hovudtema:

Tema 1 – Læring og meistring:

Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, og kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.

Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:

Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.

Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:

Brukarerfaring i helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar. 

Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma

Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi

 

Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

  • Samling 1: Veke 35
  • Samling 2: Veke 41 
  • Samling 3: Veke 46

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking på to av tre samlingar (eller 65 % av tida på samlingane).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Bente Hasle
Øyvind Økland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva.
Alle.
Omlag 5000 ord (+/-10%).
Heimeeksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen.