Semestre

MEI301 Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet

Emnekode: 
MEI301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidarar skal i hovudsak utøve arbeidet sitt i nære relasjonar til brukarar, deira pårørande og sosiale omgjevnad. Å målrette arbeidet mot meistring og myndiggjering føreset kompetanse i samhandling i andletsnære relasjonar i ulike kontekstar, ulike problemtypar og ulike metodar for å realisere ulike mål.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om sentrale teoriar om meistring, myndiggjering og brukerdeltaking med vekt på kommmunikasjon og samhandling.
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å analysere samhandlingsrelasjoner og styrke og vidareutvikle dei slik at meistring og myndiggjering kan realiserast 
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • generell kompetanse til å samarbeide og samhandle med brukarar og pasientar, pårørande og andre profesjonelle  på ein fagleg og etisk forsvarleg måte, som fremjar læring, meistring og myndiggjering
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innhaldet i dette emnet er organisert innan fire hovudtema:

 

Tema 1 – Læring og meistring:

Sentrale omgrep og modellar i meistringsteori, analyse og arbeid med relasjonar og pedagogiske situasjonar for læring og meistring, kritiske perspektiv på teoriar om meistring og empowerment.

 

Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning:

Sentrale omgrep og modellar i kommunikasjonsteori, kommunikativ kompetanse, språk og meiningsdanning, endringsfokusert kommunikasjon, prosess og relasjonsdanning, språk og språkbruk i brukarretta informasjon.

 

Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar:

Brukarerfaring knytt til helse- og sosialsektoren, pasient- og pårørandeerfaringar ved ulike somatiske og psykiske lidingar, helseutfordringar for ulike brukargrupper i forskjellige livsfasar, utfordringar i fleirkulturelle relasjonar. 

 

Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma

Menneskesyn og etikk i nære relasjonar, etiske verdiar og faglege verdiar, makt og kontroll i nære relasjonar, dialog, tillit og autonomi

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med 4 undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling: Samling 1: Veke 35 Samling 2: Veke 40 Samling 3: Veke 46

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering. Presentasjonen omfattar både kommentar frå faglærar, og førebudde og spontane studentkommentarar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane).

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Bente Hasle
Jan Inge Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Oppgåva skal ha ei relevant problemstilling. Det er rettleiing knytta til oppgåva.
Alle.
Omlag 5000 ord (+/-10%).
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19