Semestre
MEV120 Analyse av visuelle medieuttrykk
Ingen.
Emnet er ein introduksjon til teoriar innan medievitskap. I emnet skal studentane erverve grunnleggande forståing for visuelt medieinnhald, og korleis ein kan analysere visuelt medieinnhald med bruk av tekstteoretiske perspektiv. I arbeid med analyse vil studentane erverve kunnskap om og erfaring med akademisk skriving, og handsaming av kjelder i akademisk skriving.
I tillegg vil studentane få grunnleggande innføring i ytringsfridom, medieetikk og mediejuss.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten
- ha grunnleggande kunnskap om tekstanalytisk teori og metode
- ha kunnskap om krava til akademisk skriving og kjeldehandtering
- ha grunnleggande kunnskap om ytringsfridom, medieetikk og mediejuss
Etter fullført emne skal studenten
- kunne gjere kvalitativ næranalyse av visuelle medieuttrykk
- kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine medieuttrykk
- kunne gjennomføre akademisk skriving med korrekt referanseteknikk
- kunne gjere etiske vurderingar av medieinnhald
Etter fullført emne skal studenten
- kjenne til fagområdet medievitskap, og sentrale omgrep og teoriar knytt til analyse av medieinnhald
- kunne arbeide sjølvstendig med akademisk skriving
Undervisninga i emnet vil føregå på ulike måtar, og vi legg opp til studentaktive arbeidsformer. Det vil vere ein kombinasjon av teoripresentasjonar, gruppearbeid og øvingsoppgåver. Studentane skal i fleire tilfelle presentere arbeid dei gjer i grupper. Studentane skal arbeide med akademisk skriving, og får tilbakemelding på skrivearbeidet gjennom rettleiing og vurderingar.
Arbeidskrav:
Det er obligatoriske arbeidskrav i emnet, og alle arbeidskrav må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen. Eit av arbeidskrava er å levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt. Dei andre arbeidskrava går fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Medieproduksjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuell akademisk tekst på 2000 ord (+/- 10%). |