Semestre

MEV120 Analyse av visuelle medieuttrykk

Emnekode: 
MEV120
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet inneheld to hovuddelar. Den eine delen skal gje studentane grunnleggande forståing for ytringsfridom og media si rolle i samfunnet. Den andre delen skal gje studentane ei grunnleggande forståing for medieinnhald, og korleis ein kan analysere medieinnhald med bruk av semiotikk, retorikk og narratologi.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap om problemstillingar knytte til medieindustrien og media si rolle i offentlegheit og demokrati
  • ha kunnskap om sentrale omgrep innan semiotikk, retorikk og narratologi, samt kvalitativ tekstanalyse
Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • gjennom forståing for media si rolle i samfunnet, kunne vurdere eiga rolle som produsent av medieinnhald
  • kunne gjere kvalitativ analyse av både fotografi og filmatiske medieuttrykk
  • kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine medieuttrykk
  • ha utvikla ferdigheiter innan akademisk oppgåveskriving
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • ha grunnleggande forståing for fagfeltet medievitskap
  • på sjølvstendig måte kunne gjennomføre akademisk skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet vil føregå på ulike måtar, og vi legg opp til studentaktive arbeidsformer. Det vil vere ein kombinasjon av teoripresentasjonar, gruppearbeid og både praktiske og teorietiske øvingsoppgåver. Studentane skal i fleire tilfelle presentere arbeid dei gjer i grupper. Studentane skal arbeide med akademisk skriving, og får tilbakemelding på skrivearbeidet i ulike rettleiingssituasjonar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk deltaking i undervising. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav: 

  1. Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 1000 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
  2. Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
  3. Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Irene Hillestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Medieproduksjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Individuell akademisk tekst på 2000 ord (+/- 10%).
Godkjent av: 
Kate Kartveit