Semestre
MEV120 Analyse av visuelle medieuttrykk
Ingen.
Emnet er ein introduksjon til tema innan medievitskap. I emnet skal studentane erverve grunnleggande forståing for visuelt medieinnhald, og korleis ein kan analysere visuelt medieinnhald med bruk av semiotikk, retorikk og narratologi. I arbeid med analyse vil studentane få kunnskap om og erfaring med akademisk skriving, og handsaming av kjelder i akademisk skriving.
I tillegg vil studentane få grunnleggande innføring i media si rolle i offentlegheita, medieetikk og -juss, gjennom tema som ytringsfridom, personvern og opphavsrett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten
- ha kunnskap om sentrale omgrep innan semiotikk, retorikk og narratologi
- ha kunnskap om akademisk skriving og kvalitativ analyse
- ha grunnleggande kunnskap om ytringsfridom, personvern og opphavsrett
Etter fullført emne skal studenten
- kunne gjere kvalitativ analyse av visuelle medieuttrykk
- kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine medieuttrykk
- ha utvikla ferdigheiter innan akademisk oppgåveskriving
- gjennom forståing for sentrale mediereglar, kunne gjere etiske vurderingar som produsent av medieinnhald
Etter fullført emne skal studenten
- kjenne til fagområdet medievitskap, og sentrale omgrep og teoriar knytt til analyse av medieinnhald
- ha grunnleggande kjennskap til mediejuss og -etikk
- på sjølvstendig måte kunne gjennomføre akademisk skriving
Undervisninga i emnet vil føregå på ulike måtar, og vi legg opp til studentaktive arbeidsformer. Det vil vere ein kombinasjon av teoripresentasjonar, gruppearbeid og både praktiske og teorietiske øvingsoppgåver. Studentane skal i fleire tilfelle presentere arbeid dei gjer i grupper. Studentane skal arbeide med akademisk skriving, og får tilbakemelding på skrivearbeidet i ulike rettleiingssituasjonar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i undervising. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.
Arbeidskrav:
Det er tre arbeidskrav:
- Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 1500 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
- Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
- Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Medieproduksjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuell akademisk tekst på 2000 ord (+/- 10%). |