Semestre
MGL1-7EN1A Engelsk 1A
Ingen.
Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring, engelskspråkleg kultur og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir òg ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp, og kjennskap til og bruk av ulike kulturuttrykk i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på skriftleg engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om god undervisningspraksis i begynnaropplæring i engelsk
- har kunnskap om korleis fleirspråklegheit kan nyttast som ein ressurs i engelskundervisninga
- har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, og til skilnadar og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon og kjennskap til korleis ein les ein forskingsartikkel
- har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av elevar på 1.-7. trinn
- har kunnskap om eit utval digitale ressursar og korleis element frå barn og unge sin mediekultur kan brukast i opplæringa.
Studenten
- kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa
- kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan og tverrfaglege tema for grunnskulen
- kan lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge
- kan nytte engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg
- kan nytte eit utval digitale læremiddel og andre relevante ressursar i opplæringa.
- kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis
Studenten
- kan formidle relevant fagstoff, inkludert tverrfaglege tema, og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn
- kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
- kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon
- kan skaffe seg oversikt over eit utval tekstar, inkludert biletbøker, som kan brukast i undervising av elevar på 1.-7. trinn
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg nyttar vi ei rekkje digitale læringsressursar.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- ei skriftleg oppgåve på 600 ord i kultur
- eit utkast på minimum 1000 ord til ei skriftleg oppgåve i didaktikk (sjå eksamen)
- ein logg med minimum 2 innlegg på minimum 200 ord kvar. Eitt av innlegga skal vere munnleg
- to korte skriftlege arbeidskrav i språk (grammatikkoppgåver)
Minst eitt av logginnlegga og uttkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til praksis. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Vår. | Tilsvarande om lag 1200 ord (sjå arbeidskrav). | |
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk. |