Semestre

MGL1-7EN1A Engelsk 1A

Emnekode: 
MGL1-7EN1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring, engelskspråkleg kultur og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir òg ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp, og kjennskap til og bruk av ulike kulturuttrykk i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på skriftleg engelsk.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om god undervisningspraksis i begynnaropplæring i engelsk
  • har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, og til skilnadar og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda 
  • har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon og kjennskap til korleis ein les ein forskingsartikkel 
  • har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av elevar på 1.-7. trinn
  • har kunnskap om eit utval digitale ressursar og korleis element frå barn og unge sin mediekultur kan brukast i opplæringa.  
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar 
  • kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa 
  • kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan og tverrfaglege tema for grunnskulen  
  • kan lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge 
  • kan nytte engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg 
  • kan nytte eit utval digitale læremiddel og andre relevante ressursar i opplæringa. 
  • kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle relevant fagstoff, inkludert tverrfaglege tema, og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn 
  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge 
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget 
  • kan utvikle og halde ved like eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 
  • kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon
  • kan skaffe seg oversikt over eit utval tekstar, inkludert biletbøker, som kan brukast i undervising av elevar på 1.-7. trinn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg nyttar vi ei rekkje digitale læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

  1. ei skriftleg oppgåve i kultur
  2. eit utkast til ei skriftleg oppgåve i didaktikk (sjå eksamen)
  3. eit kort arbeidskrav i kultur
  4. ein logg (eventuelt ein kort munnleg tekst)
  5. to korte skriftlege arbeidskrav i språk (grammatikkoppgåver)

Arbeidskrava kan ha fokus på både skriftleg og munnleg kompetanse, og nokre kan inkludere meir praktiske element. Eitt av arbeidskrava og utkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til praksis. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Natalie Ann Donohue
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk.
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Vår
Tilsvarande om lag 1200 ord (sjå arbeidskrav).
Godkjent av: 
Silje Ims Lied