Semestre

MGL1-7EN1A Engelsk 1A

Emnekode: 
MGL1-7EN1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
English 1A
Emnenavn på bokmål: 
Engelsk 1A
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring, engelskspråkleg kultur og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir òg ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp, og kjennskap til og bruk av ulike kulturuttrykk i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på skriftleg engelsk.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om god undervisningspraksis i begynnaropplæring i engelsk 
  • har kunnskap om korleis fleirspråklegheit kan nyttast som ein ressurs i engelskundervisninga 
  • har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, og til skilnadar og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda 
  • har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon og kjennskap til korleis ein les ein forskingsartikkel 
  • har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av elevar på 1.-7. trinn
  • har kunnskap om eit utval digitale ressursar og korleis element frå barn og unge sin mediekultur kan brukast i opplæringa.  
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar 
  • kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa 
  • kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan og tverrfaglege tema for grunnskulen  
  • kan lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge 
  • kan nytte engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg 
  • kan nytte eit utval digitale læremiddel og andre relevante ressursar i opplæringa. 
  • kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle relevant fagstoff, inkludert tverrfaglege tema, og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn 
  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge 
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget 
  • kan halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 
  • kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon
  • kan skaffe seg oversikt over eit utval tekstar, inkludert biletbøker, som kan brukast i undervising av elevar på 1.-7. trinn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg nyttar vi ei rekkje digitale læringsressursar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

  1. ei skriftleg oppgåve på 600 ord i kultur
  2. eit utkast på minimum 1000 ord til ei skriftleg oppgåve i didaktikk (sjå eksamen)
  3. ei kort kunnskapsprøve i kultur
  4. ein logg på minimum 200 ord (eventuelt ein kort munnleg tekst)
  5. to korte skriftlege arbeidskrav i språk (grammatikkoppgåver)

Logginnlegget og uttkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til praksis. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk.
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Vår
Tilsvarande om lag 1200 ord (sjå arbeidskrav).
Godkjent av: 
Silje Ims Lied