Semestre
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for skulestartarar og elevar på mellomtrinnet
- sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid i begynnaropplæringa
- teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet
- varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
- observasjon som reiskap for lærararbeidet
- lærarprofesjonen og lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet
- etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på småskule- og mellomtrinnet
- sentrale styringsdokument som regulerer skulen si verksemd
Studenten kan
- planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
- engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
- forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar
- diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val
- planlegge og gjennomføre systematisk observasjon
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Studenten kan
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i samspel og kommunikasjon med eleven
- innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisning, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i skriftlege uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve på 2000 ord, bygd på observasjon av læraren sitt arbeid
- Ein individuell, teoretisk refleksjonstekst på 1200 ord
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |