Semestre
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og tilsvarar 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk og læringsleiing. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt.
I og med dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein vekt på at dei skal få rettleiing i arbeidet med forståing for dei sentrale innhaldselementa i emnet. To av arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i denne prosessen, gjennom rettleiing og øving i munnlege og skriftlege uttrykksformer. Undervisninga kombinerer førelesing som gir fagleg fokus og arbeidsmåtar som stimulerer aktiv deltaking frå studentane.
Studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis. Dei skal gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg i grupper. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva lærarens arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget. Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er nødvendig for profesjonell yrkesutøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
-Studenten har kunnskap om
- teori om læring og læringsprosessar og utfordringar i læraren sitt arbeid
- sentrale didaktiske prinsipp i lærararbeidet
- teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for
læringsleiing, herunder kontaktlærarrolla - etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring
- sentrale styringsdokument i skulen
- lærarrolla i det fleirreligiøse klasseromet
-Studenten skal kunne
- planlegge og leie undervisningsarbeid individuelt og i kollegium i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
- engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
- diskutere og fagleg begrunne didaktiske og etiske val
- planlegge og gjennomføre systematisk observasjon for å utvikle læring
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
-Studenten kan
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven om læring og utvikling
- innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp.
-Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve bygd på systematisk observasjon av læraren sitt arbeid
Ei individuell, skriftleg kunnskapsprøve knytt til sentrale innhaldselement i emnet
Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen
Aktiv deltaking i seminar knytt til dei munnlege presentasjonane
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |