Semestre

MGL1-7PR2 Praksis 2, 25 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PR1 Praksis 1
Om emnet

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis i andre studieår er delt inn i to periodar, haust og vår. Praksis i haustsemesteret  har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet og begynnaropplæring, medan praksis i vårsemesteret har meir fokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag. I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling i begynnaropplæringa, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser. I dette studieåret legg ein stor vekt på begynneropplæring og korleis ein kan arbeide med faga i undervisninga.
Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring og tidleg innsats
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om begynneropplæring i faga
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med særleg vekt på begynneropplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan ivareta læreprosessar for dei yngste elevane
  • kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket  på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan bruke relevante digitale ressursar
  • kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden.
Før og etter praksisperioden er det obligatoriske praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.  

Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid  til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner.

Arbeidskrav: Følgande arbeidskrav vere gjennomført og godkjent:

Haust: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar med fokus på begynneropplæring .   
Vår: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar knytt til tilrettelegging for læring av fag i praksisperioden: Meir spesifisering i emneplanane til valfaga.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 
Vurdering: Stått eller Ikkje stått

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. 
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.

Sensorordning
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden.
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.