Semestre
MGL1-7PR2 Praksis 2, 25 dagar
Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis i andre studieår er delt inn i to periodar, haust og vår. Praksis i haustsemesteret har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet og begynnaropplæring, medan praksis i vårsemesteret har meir fokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag. I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling i begynnaropplæringa, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser. I dette studieåret legg ein stor vekt på begynneropplæring og korleis ein kan arbeide med faga i undervisninga.
Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
- har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring og tidleg innsats
- har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
- har kunnskap om begynneropplæring i faga
- har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med særleg vekt på begynneropplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
- kan ivareta læreprosessar for dei yngste elevane
- kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
- kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan bruke relevante digitale ressursar
- kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Studenten
- har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
- kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
- kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
- kan kommunisere munnleg og skriftleg, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden.
Før og etter praksisperioden er det obligatoriske praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.
Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis, og skal i haustsemesteret delta i eit seminar/kurs om rettleiing..
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner.
Arbeidskrav: Følgande arbeidskrav vere gjennomført og godkjent:
Haust:
- Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar med fokus på begynneropplæring.
- Deltaking på seminar om rettleiing.
Vår: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar knytt til tilrettelegging for læring av fag i praksisperioden. Kvart av vårfaga utarbeider eigne praksisoppgåver.
Nærare spesifisering i canvas/semesterplan.
Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Vurdering: Stått eller Ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden.
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått |
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.