Semestre
MGL1-7PR2 Praksis 2, 25 dagar
Tema for praksis 2 er:
- Elevrolla
- Elevmangfald
- Begynnaropplæring
- Tilpassa opplæring
- Overgang frå barnehage til skule
Studentane har normalt praksis på småskulesteget andre studieår.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- elevføresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurdering som fremmer gode læreprosessar
- klasseleiing og kommunikasjons- og relasjonsarbeid
- Det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgang frå barnehage til skule
Studenten kan:
- planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med særleg vekt på begynneropplæring
- leie gode læreprosessar for dei yngste elevane
- bruke ulike kartleggingsverktøy til å gi læringsfremmande tilbakemeldingar og tilpassa opplæring
- bruke relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy og gjennomføre opplæring som fremmer elevane si digitale kompetanse
Studenten kan:
- delta aktivt i rettleiing og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling
Felles for alle årssteg:
Studentane vert delte i grupper på to til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga.
I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.
Andre studieår:
Det vert lagt opp til progresjon frå første til andre studieår ved at studentane no får eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning, og dei skal delta meir aktivt i rettleiing av kvarandre.
Overgangar i utdanningsløpet er ein del av praksisstudiet og nokre praksisdagar kan bli lagt til barnehage.
Vurdering:
Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med faglærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen.
Studentane får:
- Skriftleg midtvegsvurdering.
- Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått.
Rutiner for ikkje stått:
- Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått.
- Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar.
- Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten avbryte studiet
Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid kan føre til krav om kompensatorisk arbeid.
I tillegg skal studentane:
- Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
- Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis
Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått |