Semestre
MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette for eit godt læringsmiljø for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer, samarbeide med eksterne fagpersonar og å vere aktiv aktør i endrings- og utviklingsarbeid. Målet er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for elevar som strevar.. Det kan dreie seg om korleis spesialpedagogen på klassestega 1-7 kan arbeide for å gje ei god, opplæring utifrå eleven sine føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har analytisk kunnskap om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring
- har inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma i skulen knytt til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
- har kunnskap om kartlegging og betydning av kartlegging
- har avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter i samband med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid knytt til gjennomføring og evaluering av spesialpedagogiske tiltak
- har kunnskap om profesjonsetiske dilemma i spesialundervisning
- har brei kunnskap om relevant profesjonsretta forsking
Kandidaten:
- kan gå inn i dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
- kan analysere og vurdere elevar sin skulesituasjon og bruke sin allmennpedagogiske og spesialpedagogiske kunnskap for å betre ordinær opplæring og spesialundervisning for elevar som strevar
- kan reflektere over og drøfte sentrale og dagsaktuelle spesialpedagogiske dilemma
- kan kritisk analysere og vurdere bruken av ulike spesialpedagogiske tiltak i planlegging, gjennomføring og evaluering
Kandidaten:
- har kompetanse til å kunne utvikle og betre opplæringa i skulen med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagogen har
- har kompetanse til å kunne reflektere over eigen og skulen sin praksis kring undervisninga for elevar som strevar
- skal analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
- kjenner til og brukar aktuelle styringsdokument i det spesialpedagogiske arbeidet i skulen
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Det er to skriftlege arbeidskrav i emnet.
Studenten skal delta på seminar knytt til begge arbeidskrava.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ingen. |