Semestre
MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette for eit godt læringsmiljø for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer, samarbeide med eksterne fagpersonar og å vere aktiv aktør i endrings- og utviklingsarbeid. Målet er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for elevar som strevar.. Det kan dreie seg om korleis spesialpedagogen på klassestega 1-7 kan arbeide for å gje ei god, opplæring utifrå eleven sine føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar i skulen knytt til spesialundervisning
- analytiske kunnskap om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring
- avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter i samband med tverrfagleg samarbeid og samarbeid på tvers av etatar knytt til gjennomføring og evaluering av spesialpedagogiske tiltak
- brei kunnskap om relevant profesjonsretta forsking
Studenten kan
- anvende spesialpedagogisk kompetanse i skulen
- kan reflektere over og drøfte sentrale og dagsaktuelle spesialpedagogiske dilemma som er relevante for undervisninga i skulen
- samarbeide på kvalifisert måte med heim, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet om eit godt opplæringstilbod for eleven
- ta seg inn i og nytte relevant profesjonsfagleg forsking for å betre opplæringa
- kombinere spesialpedagogisk og allmennpedagogisk kunnskap for å betre både ordinær opplæring og spesialundervisning for elevar som strevar
Studenten kan
- med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagog, utvikle og betre opplæringa i skulen
- engasjere seg i og initiere kollega- og foreldresamarbeid for å skape endring og utvikling for å forebygge lærevanskar, og/eller forbetre undervisninga for elevar som strevar fagleg og/eller sosialt
- analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
- kjenne til og bruke aktuelle styringsdokument i det spesialpedagogiske arbeidet
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Det er to arbeidskrav på emnet:
- skrive ein fagleg artikkel om eit sjølvvalt tema innafor pensum
- gjere ei kritisk vurdering knytt til eit kartleggingsverktøy
Studenten skal i tillegg delta på seminar knytt til begge arbeidskrava.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ingen. |