Semestre
MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.
Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette den ordinære opplæringa for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer og å vere aktør i institusjonelt endrings – og utviklingsarbeid. Utfordringa er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for alle elevar. Det kan dreie seg om korleis ein på klassestega 1-7, med særleg vekt på begynnaropplæringa, kan arbeide for å gje ei god, samla opplæring utifrå eleven sine unike føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma knytte til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring
- avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytte til samarbeid om spesialpedagogiske tiltak
- inngåande forskingsbaserte kunnskapar om relevant profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Studenten kan
- meistre dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
- samarbeide på kvalifisert måte med heim, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet om eit godt opplæringstilbod for eleven
- ta seg inn i og nytte relevant profesjonsfagleg forsking for å betre opplæringa
- kombinere spesialpedagogisk og allmennpedagogisk kunnskap for å betre både ordinær opplæring og spesialundervisning
Studenten kan
- med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagog, utvikle og betre opplæringa i skulen på dei relevante klassestega
- engasjere seg i og initiere kollega- og foreldresamarbeid for å skape endring og utvikling til beste for elevar som strevar
- analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
1. Ei skriftleg individuell oppgåve på inntil 1800 ord basert på relevante data frå skulen
2. Ei munnleg førebudd tilbakemelding på eit utkast til individuell oppgåve frå medstudent og drøfting i gruppe
3. Ein munnleg presentasjon i seminar knytt til erfaringar frå spesialundervisning i praksis
4. Deltaking i alle seminara knytte til arbeidskrava
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle |